Retningsliner for å gje elevar fri

Du kan laste ned søknadsskjema i Acrobat format her
  

  • Foreldre/føresette må bruke skuleruta ved planlegging av feriane til familien.

 Øystre Slidre - permisjonsreglement for grunnskuleelevar

  •  Permisjonar/stuttidsfråvær for elevar – informasjon til foreldre

     Øystre Slidre kommune har forståing for at foreldre kan sjå det ønskjeleg, av og til kanskje og naud-synt, å søkje borna sine fri frå pliktig opplæring i grunnskulen – anten det handlar om ferieavvikling utanom skuleferiane, stuttare utanlandsopphald eller andre tilsvarande forhold. Det er heller ikkje tvil om at opphald i andre miljø og andre kulturar kan gje positive opplevingar og verdfull kunnskap.

     Vi tilrår likevel foreldre å utvise måtehald når det gjeld å ta borna utav skulen. Planane skulen har for opplæringa inneheld eit omfattande lærestoff, og arbeidsmåtane byggjer i større grad på samarbeid med medelevar.Vi har grunnleggjande tru på at foreldre tek opplæringsansvaret på alvor, men erfaringsmessig vil sjølv stuttare fråvær kunne gje eleven omfattande meirarbeid i etterkant.

     Hovudtanken i Opplæringslova

     Opplæringslova, som har vore gjeldande frå 1. august 1999, presiserer ansvarsforholda viss ein elev blir søkt fri frå pliktig opplæring.

     Opplæringslova seier m.a. ”born og unge i Noreg har plikt til grunnskoleopplæring og rett til offentleg grunnskoleopplæring”.  Ved permisjonar og fråvær som ”eleven eller foreldra sjølv er skuld i”, fråskriv eleven seg (eller foreldra på eleven sine vegne) retten til offentleg grunnskoleopplæring for ein periode tilsvarande lengda på fråværet. Foreldra overtek ansvaret for opplæringa til eleven i fråværsperioden.

     Opplæringsplikta for eleven gjeld likevel utan noko avkorting. Det er kommunen sitt ansvar å vurdere om og føre tilsyn med at opplæringsplikta blir oppfylt.

    Fråvær frå einskildtimar/einskilddag – (skulefri):

     Skulefri kan gjevast av klassestyrar for einskildtimar inn til ein heil dag. Skulen må – etter søknad – godkjenne føremålet for frigjevinga. Meldingsboka skal nyttast ved søknad om fri frå einskildtimar/-einskilddag. Døme: Deltaking i familiearrangement, fritidsaktivitetar og liknande.

     Opplæringslova har ikkje avgrensingar med omsyn til kven som kan søkje ein elev fri frå skulen. Øystre Slidre kommune vil likevel krevje at søknaden er underskriven av foreldra eller den som har det daglege ansvaret for eleven.

     Avslag på søknad om skulefri kan ankast til nærmaste overordna nivå (rektor – sektorsjef).

     Fråvær inntil to veker – (permisjon):

     Permisjon kan gjevast for inntil to veker (10 undervisningsdagar) pr. år. Rektor handsamar og tek avgjerd i søknader om permisjon. Skulen har eige søknadsskjema som skal nyttast.

    Søknadsfrist seinast 14 dagar før permisjonen skal ta til.

    Elevane har ikkje ein lovfesta rett til permisjon (*= sjå seinare merknad). Tvert imot seier lova at rektor før permisjon blir imøtekomen, skal vurdere om det er forsvarleg å la eleven bli fråværande frå den opplæringa skulen gjev. Moment som vil vere aktuelle i ei slik vurdering, kan m.a. vere:

    -          om, og i tilfelle kva, opplæring som vil bli gjeven i permisjonstida

    -          kva andre opplevingar eleven vil få i permisjonstida og kva nytte eleven vil kunne ha av dette

    -          om eleven har hatt permisjon tidlegare

    -          det faglege nivået eleven heldt

    -          om eleven har eit særleg tilrettelagd opplæringstilbod

     Opplæringslova har ikkje avgrensingar med omsyn til kven som kan søkje ein elev fri frå skulen. Øystre Slidre kommune vil likevel krevje at søknaden er underskriven av foreldra eller den som har det daglege ansvaret for eleven.

     Merk og at den av foreldra som har foreldreansvar, utan event. å ha dagleg omsorg, har medråderett når det gjeld born si utdanning – jfr. § 30 i Barnelova. Det må difor føresetjast at denne parten er gjort kjend med/har akseptert permisjonssøknaden.

     Avslag på søknaden om permisjon kan ankast til sektorsjefen som er nærmaste overordna nivå.

     Fråvær utover to veker – (heimeopplæring):

    Skal fråværet ha større omfang enn to veker, må det søkjast løyve til heimopplæring. Heimeopplæring medfører at foreldra sjølv tek ansvaret for å gjennomføre opplæringa i den aktuelle perioden.

    Søknad om løyve til heimeopplærig skal sendast rektor som eige brev.

    Frist 1 månad før heimeopplæringa skal ta til.

    Når det gjeld føremål og innhald skal i følgje Opplæringslova den opplæringa som føregår i regi av heimen – i prinsippet – følgje den same læreplanen som den offentlege grunnskulen.Dette kravet gjeld sjølv om foreldra berre overtek opplæringsansvaret for ein stuttare periode. Foreldra skal i søknaden leggje fram ein opplæringsplan for skulen/rektor til godkjenning. Opplæringsplanen kan vere lik klassen sin opplæringsplan for perioden, men dei opplevingar og impulsar, som det blir rekna med eleven får i den omsøkte fråværsperioden, bør og kom til uttrykk i planen.

     Kommunen har ansvar for å føre tilsyn med at opplæringa blir gjennomført på ein tilfredsstillande måte. Skulen/rektor førestår den praktiske utøvinga av tilsynsansvaret. Skulen kan nekte å imøtekome ein søknad om heimeoppolæring, eller event. krevje at eleven kjem attende til skulen, viss heime- opplæringa ikkje blir gjennomført i samsvar med intensjonane i Opplæringslova. Det er berre foreldra, eller den som har dagleg ansvar for barnet, som kan søkje løyve til heimeopplæring.

     Merk og at den av foreldra som har foreldreansvar, utan event. å ha dagleg omsorg, har medråderett når det gjeld born si utdanning – jfr. §30 i Barnelova. Det må difor føresetjast at denne parten er gjort kjend med/har akseptert søknaden om løyve til heimeundervisning.

     Ved avslag på søknad, event. krav frå skulen om ”å avbryte heimeopplæringsperioden”, kan skulen sitt vedtak ankast til sektorsjefen.

     

    Fråvær utover 6 månader:

     Ved fråvær utover 6 mnd. Skal eleven normalt skrivast ut av skulen.

     *= NB; merknad: Dette avsnittet gjeld ikkje elevar som ”høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja”. Desse elevane har rett til permisjon dei dagane deira trussamfunn har som heilagdagar. Men Opplæringslova krev at foreldra syter for naudsynt opplæring i permisjonstida.

    Lova har ikkje noko avgrensing med omsyn til lengda for denne typen permisjonar. Ein må likevel føresetje at regelen om utskriving av norsk skule etter 6 månader gjeld.

                                                     Permisjonsreglementet vedteke i skule- og barnehagenemnda 13.06.2002